Kort fortalt

Vil femdoble sjømateksporten

Sjømat Norge meiner det er muleg.

03.04.2019
NPK: Ein ny forskingsrapport slår fast at det vil koste 500 milliardar å femdoble produksjonen av sjømat før 2050. Fiskeri- og oppdrettsnæringa meiner det er fullt mogleg.
Geir Ove Ystmark, administrerande direktør i Sjømat Norge, har ein visjon om å doble den marine næringa fram mot 2030 og deretter femdoble den i åra etter, seier han til .
Sjømat Norge er den største foreininga innan sjømat og har heile 550 fiskeri- og havbruksbedrifter som medlemmer. Det er dei som har bestilt rapporten som er utarbeidd ved Universitetet i Stavanger. Onsdag vart den lagt fram under årskonferansen for sjømatnæringa i Trondheim.
Det er først og fremst oppdrettsteknologi det skal investerast i, og Ystmark seier det må investerast i volumvekst. Han ønsker også at Noreg skal stå for bearbeidinga av sjømaten sjølv, før eksport. I tillegg ønsker han at biprodukta skal nyttast betre.
– Vi må gjere nytte av fleire område og dyrke tang, tare og algar i dei store havområda våre, seier han til NRK.

Publisert: 03.04.2019 15:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35