Kort fortalt

Vil gi turistar do-opplæring

Litt for tydelege spor enkelte stader.

NPK
20.10.2021

I år har 19.000 turistar gått Aurlandsdalen i Sogn, og det er tydelege spor av at mange av dei har gjort sitt fornødande ute i naturen.

– Vi ser altfor mange spor etter toalett-turar, seier Snædis Laufey Bjarnadóttir, som er prosjektleiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark til NRK Vestland. Blant det som ligg att i naturen er toalettpapir, våtserviettar og avføring.

No vil bygdefolket gi turistane do-opplæring, seier ho, men lovar samstundes at det skal skje med ein god dose humor. Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

Oppskrifta er enkel. Turistane blir oppmoda om å gå på do før dei legg ut på tur, bruke toaletta som finst og å ha «gode rutinar for dobesøk» ute i naturen. Bjarnadóttir oppmodar dei til å ha litt do-utstyr i sekken.

Som eksempel nemner ho ein liten spade, desinfiserande middel til hendene, våtserviettar eller dopapir og dobbel søppelpose. Ho ber også turistane om å halde seg vekke frå rasteplassar, stølsområde og stigar når dei må skal gjere frå seg.

– Så må dei gjerne lage eit hol som er lett å dekkje til med ein stein, eller ved å grave over, seier ho.

Problemet er kjent også frå andre stader med mykje turistar., til dømes i Lodalen i Stryn. Der har både lokale innbyggjarar og kommune vore nøydde til å ta grep. Også i Lofoten har dette vore eit problem.

DNT meiner at dei fleste er flinke, men at mange ferskingar ikkje veit kva reglar som gjeld når ein er på tur i naturen.

Publisert: 20.10.2021 16:42

Sist oppdatert: 20.10.2021 16:43