NPK: Dei små og mellomstore bedriftene står for om lag halvparten av verdiskapinga i Noreg. No vil regjeringa betre forholda for desse bedriftene.
Frå 27. juni legg regjeringa ut på ein turné for å samle innspel til ein ny strategi for dei små og mellomstore bedriftene i landet. Regjeringa vil gjere det enklare å drive verksemd og skape arbeidsplassar.
– Små og mellomstore bedrifter står for nesten halvparten av den årlege verdiskapinga i Noreg. Det utgjer nesten 700 milliardar kroner, eller eit halvt statsbudsjett i året. Det er desse bedriftene som utgjer ryggrada i norsk næringsliv som sikrar oss inntekter til velferd. Ambisjonen er at det skal bli enda enklare å starte, drive og få desse bedriftene til å vekse, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Næringsministeren skal innom åtte fylke og få innspel frå om lag 300 bedrifter.

Publisert: 24.06.2019 11:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34