NPK: Planane om å utvide Guleslettene vindkraftverk i Bremange er del av eit vidare planarbeid som kommunen har opna for, men der det no også blir bedt om ei utgreiing utan utviding av dagens område, skriv Firdaposten.
Utbygginga kan auke den årlege energiproduksjonen med om lag 175 GWh, til totalt rundt 875 GWh. Samstundes er investeringskostnaden rekna til om lag 900 millionar kroner, og Bremanger kan få opp til 10 millionar kroner i årlege inntekter frå prosjektet.
Kommunedirektøren rår likevel til at det også blir vurdert eit alternativ der ein ikkje utvidar produksjonsområdet. Dette kjem før saka skal ut på offentleg høyring.
Nokre av turbinane er planlagde nær kommunegrensa til Kinn, og kan påverke nabokommunen med støy og iskast. Kinn har tidlegare sagt nei til å to turbinar på si side av grensa.
Publisert: 23.04.2026 11:13
Sist oppdatert: 23.04.2026 11:13





