NPK: Norges Fiskarlag tar initiativ til å utarbeide ein internasjonal standard for handtering av avfall om bord i fiskefartøy.
Initiativet kjem i samband med konferansen Our Ocean som gjekk av stabelen denne veka. Leiar i Noregs fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen meiner det er viktig fordi forureining og forsøpling av havet er ei stor internasjonal utfordring, både for miljøet og for fiskerinæringa, skriv .
– Vi ser for oss at ein slik standard for handtering av avfall om bord må omfatte både eigenprodusert og søppel som er fiska opp, sikker lagring og fornuftig kjeldesortering. Standarden må også vere i forhold til moglegheitene for mottak, handtering og gjenvinning på land, seier Ingebrigtsen til avisa.
Han trur òg det kan vere aktuelt å inkludere metodar for handtering og lagring av restråstoff i ein slik standard, for å kunne bringe all fangst og råstoff til land med best mogleg kvalitet.
Fiskarlaget håper initiativet om ein internasjonal standard for avfallshandtering om bord på fiskefartøy på sikt kan føre til mindre forsøpling av havmiljøet, i tillegg til betre ressursutnytting, og at det òg kan vere eit bidrag til å nå berekraftsmåla til FN. Eitt av måla for FNs medlemsland er å «bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling».
– Vi veit at avfall følger havstraumane, og at problemet må finne si løysing internasjonalt så vel som nasjonalt, seier Ingebrigtsen.
Norges Fiskarlag har hatt dialog med Standard Norge, den norske medlemmen i den internasjonale standardiseringsorganisasjonen – ISO. Å utarbeide ein slik internasjonal standard vil kunne ta fleire år, skriv Kyst og fjord.

Publisert: 25.10.2019 10:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32