Kort fortalt

Vil ha betre fiskekontroll

Utval er nedsett.

04.09.2018
NPK: Eit offentleg utval har byrja jobben med å utforma fiskerikontrollen for framtida.
– Som fiskeriminister er det to ting eg er særleg opptatt av, det eine er lovlegheit og det andre er kvalitet. Det verste som kan skje er at vi mister posisjonen som ein havnasjon som tar desse tinga på alvor, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik til departementet si .
Kontrollutvalet skal sjå på korleis ny teknologi kan gi auka tryggleik for at norsk fisk på marknaden er lovleg fiska og seld. Utvalet skal også sjå på korleis styresmaktene betre kan kontrollere fiske i norske farvatn og straffa dei som bryt lova med kunnskap og vilje.
Utvalet er sett saman av ti ulike fagfolk, blant desse ein politibetent, ein skipper og fleire forskarar. Utvalet er leia av direktør Magnar Pedersen i forskingsinstituttet Nofima.

Publisert: 04.09.2018 15:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37