Vil ha elektrisk båt på Breimsvatnet
Turistsatsing i Gloppen.
(NPK): Gards- og operagründerane Torstein Kollevåg og Eivind Kandal ønsker turisme med heilelektriske båtar på Breimsvatnet i Sogn og Fjordane.
– Vi har mange gonger opplevd at folk seier «det der går aldri», og så får vi det til likevel. Slik er det kanskje òg med denne ideen, seier Torstein Kollevåg til avisa Firda.
Han driv Sølvane Gard i Kandal saman med Eivind Kandal. Dei sel lokalt kjøt og byr mellom anna på vinsmaking og konsertar. No ser gründerane for seg heilelektriske båtar på Breimsvatnet. Kollevåg fortel at det er lang tradisjon for turisme på Breimsvatnet, og at det for 150 år sidan gjekk dampbåt der som frakta lakselordar til ulike stader.
– Sjå for deg å gli lydlaust over vatnet, med utsikt over fjella og bygdene. Turen startar på Reed, før den går vidare til Førde i Jølster. Der får ein servering i eit gammalt naust og kanskje ein guida tur. Så reiser ein over vatnet til Kandal, for ei unik opera-oppleving. Til slutt blir ein sett trygt i land på Reed att, seier Kollevåg til avisa.
(©NPK)
Publisert: 03.08.2021 12:29
Sist oppdatert: 03.08.2021 12:30