NPK-NTB: Sjømat-sjef Robert Eriksson ønsker «fair play» i kjøledisken og ber regjeringa kutte subsidiane på storfekjøtt med 20 prosent.
Eriksson, som er direktør i Sjømatbedriftene, meiner ifølgje Dagbladet at det er logiske brot i matpolitikken når regjeringa subsidierer storfeproduksjonen, samtidig som dei ønsker nordmenn skal ete mindre raudt kjøtt.
– For det første blir det skapt ein negativ konkurransevriding. For det andre bruker regjeringa skattepengane til folk for å gjere det rimelegare å ete meir klimafiendtleg mat, seier Eriksson og legg til:
– Kvifor skal staten subsidiere det kjøttet dei vil vi skal ete mindre av?
I ein intensjonsavtale mellom mellom anna næringa og norske styresmakter heiter det at det skal jobbast for å auke sjømatkonsumet med 20 prosent innan 2021.
– Då heng det ikkje på greip å halde fram å subsidiere entrecôten med 70 kroner kiloet, seier Eriksson og legg til at han er stolt av å tilhøyre ei subsidiefri næring.
Han får ikkje støtte frå leiar i næringskomiteen, Geir Pollestad, som meiner Eriksson legg opp til konflikt mellom dei to næringane.
– Eg nektar nesten å tru at næringa står bak dei ekstremt lite strategiske utsegnenehans. Det er mogleg å forstå at ein person meiner noko så dumt, men eg tviler på at ei heil næring gjer det, seier han.
Norges Bondelag ønskte ikkje å kommentere saka overfor Dagbladet.

Publisert: 29.04.2019 07:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35