Kort fortalt

Vil ha fiske på meir djupvassfisk

Opnar for ti års prøvefiske.

NPK
03.09.2021

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke å opne for å gi løyve til prøvefiske etter mesopelagiske fiskeartar med varigheit på inntil 10 år om gongen. I dag blir gitt prøveløyve med eitt års varigheit.

Mesopelagiske fiskearter er fiskeartar som lever frå 200 til cirka 1.000 meters djupne. Her er det lite eller ikkje lys i det heile, og temperaturen er stabil. Mesopelagiske fiskar utgjer ein veldig stor biomasse i verdshava. Tradisjonelt har det vorte drive lite direktefiske på desse artane, men potensialet er stort.

– Eg ønskjer å leggje til rette for meir utnytting av mesopelagiske fiskeslag. Prøvefiske føreset store investeringar. For å gi reiarlaga større tryggleik for desse investeringane har eg bestemt at det skal opnast for prøveløyve av inntil 10 års varigheit om gongen, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) i ei pressemelding.

Det er opna for eit prøvefiske, men dette er førebels i startfasen. Det vil mellom anna vere ein føresetnad for lengre varigheit at reiarlaget har fiska eit visst kvantum relevante fiskeslag i fleire år. Søknader om prøveløyve blir behandla av Fiskeridirektoratet.

Departementet tek sikte på å vurdere om det er grunnlag for å innføre ei konsesjonsordning etter deltakarlova for mesopelagiske fiskeartar etter at vi har fått meir erfaring med prøvefiske.

Publisert: 03.09.2021 06:45

Sist oppdatert: 03.09.2021 06:46