NPK: Det har dei siste åra vore auke i bestanden av breiflabb. No vil Norges Fiskarlag liberalisere dei strenge forvaltingskrava slik at norske fiskarar får ta del i den auka veksten.
Det skriv Fiskeribladet.
Landsstyret i Norges Fiskarlag behandla saka under eit møte 8.–9. mai.
Breiflabben finst både i norsk farvatn og i EU-farvatn. Det eksisterer likevel ikkje noka felles forvaltning av bestanden. Det norske breiflabbfisket er i hovudsak regulert gjennom ei streng bifangstregulering. Fiskarlaget meiner at ein snarast må etablere ein langsiktig forvaltningsstrategi for bestanden, slik at også norske fiskarar kan ta del i den auka veksten. Dei meiner det mellom anna kan gjerast gjennom å liberalisere bifangstreglane.

Publisert: 14.05.2018 08:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39