Kort fortalt

Vil ha fleire fiskarkvinner

Legg betre til rette.

18.05.2018
NPK: Regjeringa vil gjere det enklare å vere kvinne og yrkesfiskar. I eit nytt forslag vil Nærings- og fiskeridepartementet innvilge kvinner lengre pause frå jobben i samband med fødsel, utan at dei mister rettar og inntekter frå fiske.
– Me ønsker fleire kvinner i fiskaryrket. Det er på høg tid at me oppdaterer relevante reglar om fødsel, og difor sender me no eit forslag ut på høyring, seier statssekretær Veronica Isabel Pedersen i ei pressemelding.
Eitt av forslaga frå Nærings- og fiskeridepartementet er at kvinnelege fiskarar får lenger pause frå yrket i samband med fødsel. Det skal skje utan at kvinnene mister rettane til og inntektene frå fiske. Slik kan mødrer sleppe å vere i båten under svangerskap og i periodar med amming.

Publisert: 18.05.2018 08:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39