Kort fortalt

Vil ha fleire fossilfrie anleggsmaskiner

Fylkeskommunen inviterer til test og seminar.

02.05.2018
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til seminar onsdag 8. mai på Quality Hotel Alexandra i Molde om fossilfrie anleggsmaskiner. Det vert også muleg å teste køyretøy gratis ein periode.
- Vi arbeider for å få ned klimagassutslepp frå transportsektoren, og no er turen komen til å sjå nærare på korleis vi kan få anleggsmaskiner og anleggskjøretøy til å bli fossilfrie, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune Lina Vassdal, i ei pressemelding.
- Vi ønskjer å informere om dei fossilfrie kjøretøya og maskinene som allereie finst i marknaden og kva potensiale dette har for framtida, seier ho.
Molde kommune er ein av dei som allereie har meldt seg på. –Molde kommune ønskjer å drive mest mogleg miljøvennleg, og vi er åpne og nysgjerrige på ny teknologi, seier driftsleiar i Molde bydrift - park, Wenche Nakken Myrseth, i pressemeldinga.
Lina Vassdal oppmodar no alle som er interessert til å melde seg på seminaret, der ein blant andre får besøk av Østfold fylkeskommune for å høyre om erfaringane deira.

Publisert: 02.05.2018 09:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39