Kort fortalt

Vil ha fleire kvinner i fiskeria

Løyver 1,5 millionar kroner til likestillingsprosjekt.

NPK
09.09.2021

Nærings- og fiskeridepartementet har sett av 1,5 million kroner til prosjekt som skal bidra til betre likestilling i fiskeria.

– Det er ingenting som fysisk hindrar ei kvinne i å bli fiskar, men næringa har framleis ein jobb å gjere når det gjeld haldningar. Sjølv om det stadig er fleire jenter som søkjer seg til Fiske og fangst i vidaregåande opplæring, er det framleis få kvinnelege fiskarar og for få kvinner representert i styre, råd og utval i fiskarlag og fiskesalslag, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.

No er det sett av 1,5 million kroner til ei søknadsbasert ordning, der tilskota skal gå til prosjekt som fremjar likestilling i fiskerinæringa. Det kan for eksempel vere aktuelt å gi tilskot til organisasjonar som driv med kulturformidling og haldningsskapande arbeid innanfor fiskeri- og sjømatsektoren.

– Det er for få kvinner i fiskeriyrket, og næringa går glipp av dyktige arbeidsfolk. Vi har behov for breidda av befolkninga for å utvikle fiskeria, og vil med denne støtteordninga leggje til rette for auka inkludering og rekruttering av kvinner, seier Ingebrigtsen.

Publisert: 09.09.2021 13:13

Sist oppdatert: 09.09.2021 18:14