Kort fortalt

Vil ha fleire norske verftsarbeidarar

Tverrpolitisk prosjekt.

NPK
18.03.2021

(NPK): Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal har teke initiativ til prosjektet «Den norske fagarbeidaren» for å få fleire fast tilsette, norske fagarbeidarar i maritim sektor.

Leiar i Møre og Romsdal Ap, Per Vidar Kjølmoen, seier at maritim sektor i for stor grad baserer seg på innleige av utanlandsk arbeidskraft.

– Koronakrisa viser oss kor krevjande situasjonen kan bli når store delar av verksemda til eit verft er basert på innleige frå utlandet. Samstundes er rundt 120.000 nordmenn arbeidsledige, medan rundt 15. 000 ungdomar fell ut av vidaregåande opplæring kvart år, seier Kjølmoen i samband med lanseringa av aksjonen.

Arbeidarpartiet har fått med seg Senterpartiet, SV, Raudt og KrF på prosjektet. Målet er jobbe saman med skular, bransjeorganisasjonar, fagrørsla og næringa for auke talet på fast tilsette fagarbeidarar i åra som kjem.

Sidan fylkeskommunen har ansvar for vidaregåande opplæring og fagskulane i fylket, er det viktig at dei spelar ei viktig rolle for å kvalifisere meir arbeidskraft til den maritime næringa, meiner Kjølmoen.

Tidlegare har Ap saman med posisjonspartia Sp, SV, KrF, V, Sp og MDG vedteke eit læringsløft på 10 millionar kroner i år.

(©NPK)

Publisert: 18.03.2021 17:14

Sist oppdatert: 18.03.2021 17:16

Mer om