Kort fortalt

Vil ha folkerøysting om Vestland

Sp-politikar vil løyse opp fylket.

NPK
09.02.2022

(NPK): Sp-politikar Emma Berge Ness vil ha folkerøysting om reversering av samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestland fylke.

Ungdomspolitikaren, som er 2. vara for Sogn og Fjordane-representanten Erling Sande (Sp) på Stortinget, meiner at folket i Vestland bør få avgjere om det samanslåtte fylket skal bestå eller ikkje.

– No ser ein at regionreforma kollapsar fullstendig. Det raknar for dei andre fylka. Det var dårleg politisk arbeid i utgangspunktet, og når ein no ser utviklinga i landet, meiner eg at det er på sin plass at folket får seie si meining. No er det vår tur, seier Emma Berge Ness til Firda.

Ness peikar mellom anna på at fylka ikkje fekk nye oppgåver, noko som var eit hovudargument for samanslåinga. I staden har avstandane vorte større, og lokaldemokratiet svekka, meiner ho.

(©NPK)

Publisert: 09.02.2022 10:13

Sist oppdatert: 09.02.2022 10:15

Mer om