Kort fortalt

Harde tiltak mot seksuell trakassering

Vil lovfeste tiltak mot seksuell trakassering i fiskeflåten.

NPK
04.11.2021

Arbeidsgjevarorganisasjonen Fiskebåt ber Sjøfartsdirektoratet ta fartssertifikatet frå fartøy som ikkje har rutinar på plass mot seksuell trakassering

Styreleiar Jonny Berfjord i Fiskebåt orienterte om initiativet i eit møte med fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) sist veke, melder Fiskeribladet.

Fiskebåt meiner at det skal vere obligatorisk å ha skriftlege rutinar om seksuell trakassering på plass for å kunne ferdast i norske fartsområde til sjøs. Og dette må vere på plass før eit fartøy kan få fartssertifikat.

Jonny Berfjord seier til Fiskeribladet at oppfølging av likestilling og førebygging av trakassering må implementerast i styringssystema til fartøya, ISM.

ISM er knytt til det internasjonale regelverket for skipsfart, IMO. I dette styringssystemet er det lista opp rutinar for varsling av ulukker og rapporteringspliktige avvik. Her meiner Fiskebåt at også varsling av seksuell trakassering bør inn.

Publisert: 04.11.2021 13:13

Sist oppdatert: 04.11.2021 13:15

Mer om