NPK: SV vil omfordele fiskeressursane ved at trålarane gradvis må levere torskekvotane sine tilbake til kystflåten, skriv Klassekampen.
SV-leiar Audun Lysbakken og Troms-representant Torgeir Knag Fylkesnes lanserte forslaga til endringar av fiskeripolitikken i Stortinget onsdag. Der håper dei på støtte frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet.
– Vi vil at kystflåtane skal få råstoffet og dermed at det ikkje skal vere lov å selje kvotar meir. Kvotane er bundne til fylket, og fiskeressursane vil gi høgare aktivitet både på land og i fiskebåtane, seier SV-representant Torgeir Knag Fylkesnes til Klassekampen.
Etter overslaga som SV har gjort, kan ei slik kvoteoverføring i første omgang gi 700–800 arbeidsplassar på land og minst like mange på fiskebåtane.
Regjeringa prøvde i fjor å kvitte seg med pliktsystemet og ville da i realiteten la trålarane få behalde kvotane sine for godt. Daverande fiskeriminister Per Sandberg (Frp) møtte massiv motstand, og like før saka skulle opp i Stortinget, trekte regjeringa saka.
– Sidan da har Noreg omtrent ikkje hatt fiskeripolitikk. Alt berre stoppa opp, og no må det takast grep, seier Fylkesnes.
Etter forslaget skal kvotane flyttast frå trålarflåten til kystflåten over ein periode på 15–30 år. Trålarane får da tid til å omstille seg, og kysten kan bu seg på å ta imot meir råstoff, er tanken.
– Vi kallar det heimfall, at ressursane blir plasserte der dei eigentleg høyrer heime, seier Fylkesnes.

Publisert: 03.10.2018 15:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37