Kort fortalt

Vil ha investeringspakke til lausdriftsfjøs

Fryktar mange bønder vil gi seg.

Marius Rosbach
15.02.2021

(NPK): Nestleiar i Vestland Bondelag fryktar at mange bønder vil gi seg fram mot 2024 dersom dei ikkje ser at det vil løne seg å bygge om. I 2024 kjem det nye krav som gjer at mange må bygge om fjøset sitt og endre drifta. Og frå 2034 er det krav om at alle kyr går i såkalla lausdriftsfjøs.

– Alle parti seier dei vil satse på distriktsjordbruket. Dette er ei utfordring som er skapt ved at ein har bestemt seg for at desse fjøsa er ulovlege å bruke etter 2034, og samtidig seier dei at vil støtte opp under familiejordbruket og små- og mellomstore bruk. Då må ein seie korleis ein skal løyse problemet, seier mjølkebonde og nestleiar i Vestland Bondelag, Peder Nernæs, til Nationen.

Frå 1. januar 2024 kjem det nye krav knytt til at storfe som står med eigne båsplassar, skal ha minimum 16 veker med fri rørsle og mosjon på beite i løpet av sommarhalvåret. For storfe som får gå fritt i såkalla lausdriftsfjøs vil kravet vere åtte veker. Det blir òg krav om eigen kalvingsbinge.

Nernæs er bekymra for at krava vil føre til at mange fleire bønder gir seg i næringa, dersom ikkje politikarane legg betre til rette økonomisk for utbygging. Han fortel om at bønder tel på knappane, og må rekne på kor mykje eit nytt fjøs vil koste, kor mykje jord ein har tilgjengeleg til å produsere fôr til dyra, og kor mykje mjølk dei kan produsere. At mjølkekvotene har vorte kutta kraftig, gjer det òg vanskeleg å satse større for å få det til å gå rundt.

– Ei stor investeringspakke til lausdriftsfjøs må ein løyse. Dersom folk ikke ser ei framtid i næringa fram mot 2024, så trur eg det blir mange som gir seg, seier han til Nationen.

(©NPK)

Publisert: 15.02.2021 15:08

Sist oppdatert: 15.02.2021 16:03

Mer om