Kort fortalt

Vil ha kommunal pensjon på anbod

KS er sterkt usamd.

24.10.2019
NPK: Konkurransetilsynet meiner det bør innførast anbodsplikt i den kommunale pensjonsmarknaden. Det er Kommunenes Sentralforbund (KS) sterkt usamd i.
Sidan 2013 har Kommunal Landspensjonskasse (KLP) som er offentleg eigd, i praksis hatt monopol i marknaden for kommunepensjon. DNB og Storebrand trekte seg ut i 2012, mykje fordi norske kommunar ikkje sette pensjonen ut på anbod.
Over 550 milliardar kroner blir forvalta i marknaden for offentleg tenestepensjon, og kommunar betalar årleg over 40 milliardar i premiar, skriv .
Konkurransetilsynet meiner det no bør innførast anbodsplikt i den kommunale pensjonsmarknaden.
– Sjølv små prosentvise innsparingar i denne marknaden vil utgjera enorme summar, seier avdelingsdirektør i Konkurransetilsynet Gjermund Nese til .
Kommunal Landspensjonskasse (KLP) ser positivt på konkurranse, og meiner dei er godt budde. Kommunenes Sentralforbund (KS) er derimot usamd i forslaget, og meiner det er eit inngripande forslag overfor kommunane.
– Me meiner det er i strid med grunnprinsippa i kommunelova om det kommunale sjølvstyret, seier interessedirektør i KS, Helge Eide til NRK. Han legg til at ei potensiell anbodsplikt vil bety at staten pålegg kommunane store kostnader knytt til leveranse av anbodet.
Konkurransetilsynet trur kommunesamanslåingane frå 1. januar kan medverka til auka konkurranse. Når dei 109 kommunane skal bli slegne saman til 42, skal også nye pensjonsordningar signerast.

Publisert: 24.10.2019 18:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32