NPK-NTB: Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) anbefaler at torskekvoten i Barentshavet blir redusert med 100.000 tonn.
Dei siste åra har kvotane for nordaustarktisk torsk lege på eit rekordhøgt nivå. I 2013 kunne det fiskast inntil 1 million tonn, og kvotane har halde seg på omtrent dette nivået fram til no. Kvoten for i år er på 775.000 tonn.
No ønsker ICES å redusere kvoten til litt under 675.000 tonn.
– Den naturlege nedgangen i bestanden fortset, og det må vi ta omsyn til, seier forskingsdirektør Geir Huse ved Havforskingsinstituttet.
Huse seier det høge kvotenivået dei siste åra i stor grad kan førast tilbake til dei gode torskeårsklassane for 2004 og 2005.
– Vi ser at årsklassane etter det er svakare, og då får vi ein naturleg nedgang i bestanden, seier Huse.

Publisert: 13.06.2018 12:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38