NPK: Den 23. oktober skal representantar frå reiselivet, friluftslivet og landbruket møtast for å diskutere omsetningsmoglegheiter for økologiske lokalmatprodusentar.
Landbrukets Økoløft og Økologisk Norge ønskjer å synleggjere moglegheitene lokalt næringsliv, reiseliv og bønder har for saman å skape arenaer for produksjon, sal og formidling av rein mat produsert på lokale ressursar.
– Vi meiner at det ligg eit underutnytta potensial for bønder i å omsetje produkt som er produsert og foredla lokalt. Turisthytter og serveringsstader i fjellet er gode marknadskanalar for desse produkta. Vi håpar både bønder og reiselivet ser dei positive synergiane ved å samarbeide om å produsere og selje mat med lokal identitet, seier Inge Lindseth, prosjektleiar i Økologisk Norge i ei pressemelding.
Gjendesheim turisthytte i Vågå er ei økologisk føregangshytte for Økologisk Norge, og styraren på hytta – Marius Haugaløkken – vil på møtet 23. oktober på Valbjør Gård i Vågå fortelje om erfaringane sine med satsing på lokal og økologisk mat.

Publisert: 15.10.2018 12:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37