NPK: Den canadiske statsministeren Justin Trudeau og paritet hans ønsker at oppdrett i Biritsh Columbia skal skje i lukka merdar. Dette kan få konsekvensar for norske selskap.
Både Mowi, Cermaq og Greig Seafood opererer i området, skriv E24. Partiet til Trudeau har sett eit mål om at all oppdrett skal skje i lukka merdar, og det skal skje i løpet av fem år. Tiltaket er ein del av det partiet kallar den første akvakulturlova i landet.
Forsking viser at lukka merdar er effektive mot lakselus, men planen får kritikk frå fleire hald. BC Salmon Farmers Associaton kallar den mellom anna destruktiv og uforsiktig, og administrerande direktør i Canadian Aquaculture Alliance, Timothy Kennedy, seier at dette er omsynslaus politikk.
Kommunikasjonsrådgjevar i Cermaq, Astrid Aam, meiner derimot at ei akvakulturlov vil vere bra for næringa.

Publisert: 03.10.2019 15:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32