Integrerings -og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har i dag lansert ei ny tilskotsordning som skal bidra til å styrkje mangfaldsarbeidet i arbeidslivet.
– Arbeidslivet tener på mangfald. Innvandrarar i Noreg representerer ein viktig ressurs for det norske arbeidslivet, som vi går glipp av dersom dei ikkje kjem i jobb og får brukt kompetansen sin. Vi veit at det er mange verksemder som ønskjer å styrkje mangfaldsarbeidet sitt. Det legg vi til rette for med ei heilt ny tilskotsordning, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i ei pressemelding.
Tilskotet skal stimulere arbeidsgivarar til større forståing for etnisk mangfald som ressurs, til å auke rekrutteringa av innvandrarar, og til betre bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet.
Publisert: 22.04.2021 12:29
Sist oppdatert: 22.04.2021 12:30