Vil ha meir gruvedrift på Vestlandet
Ber ny regjering legge meir til rette.
(NPK): Organisasjonen Norsk Bergindustri meiner det er naudsynt med meir gruvedrift på Vestlandet for at det grøne skiftet skal bli ein realitet.
Det er generalsekretær Anita Helene Hall som skriv dette i ein kronikk i Bergens Tidende torsdag. Ho etterlyser politikarar som torer å framsnakke kor viktig næringa er for det grøne skiftet og for det moderne samfunnet.
Hall argumenterer for at om dersom klimaambisjonane skal realiserast, så bør ei ny regjering leggje titl rette for ytterlegare vekst i regionen. Ho viser til at Mineralstatstikken for 2020 seier at Vestland er fylket i Noreg med størst auke i talet på årsverk i mineralnæringa, men at potensialet er mykje større.
Generalsekretæren legg fram fleire forslag til korleis næringa kan utviklast vidare:
- Den geofyske kartlegginga av Noreg bør fullførast, slik at vi får betre kunnskap om område med viktige ressursar.
- Ei ny regjering bør leggje til rette for etablering av eit statleg investeringsfond eller investeringsselskap.
- Det bør etablerast eit offentleg finansiert forskingsprogram for bergindustrien, der bransjen og relevante fagmiljø samarbeider om å utvikle teknologi og metodar for ei miljøvenleg næring i framtida.
- Ei ny regjeringa bør også leggje til rette for at norsk naturstein i større grad kan nyttast ved oppføring av offentlege bygningar, monument og uteareal.
- Offentlege aktørar må samordne seg, og det er naudsynt med kortare saksbehandlingstid for løyve til mineralutvinning.
(©NPK)
Publisert: 07.10.2021 12:28
Sist oppdatert: 07.10.2021 12:31