Kort fortalt

Vil ha meir lodde til norske anlegg

Får ikkje by på fangstar under 500 tonn.

Marius Rosbach
12.02.2021

Sjømat Norge meiner viktige marknader kan gå tapt i det innbringande loddefiske, fordi norsk fiskeindustri ikkje får by på fangstar under 500 tonn, skriv Klassekampen.

Ein rekke norske båtar fiskar no etter lodde ved Island, med kvotar som er bytta med norske torskekvotar. Fagsjef Kyrre Dale i Sjømat Norge vil at norske anlegg får delta i alle auksjonane, og ber fiskeriministeren kome på bana og endra reglane.

Styreleiar Lars Over Stenevik i Norges Sildesalslag påpeiker at fiskeriet berre varer nokre få dagar, til 20. februar, og at seglingstida til Norge kan gjere at båtane går glipp av verdifulle fiskemoglegheiter.

Stenevik meiner også at problemet er mindre enn Sjømat Norge hevdar, og viser til at kring 80 prosent av lodda som er fiske til no, er levert i Norge.

Les også: Loddefest ved Island

Publisert: 12.02.2021 08:39

Sist oppdatert: 15.02.2021 12:53

Mer om