Vil ha meir norsk smittevernutstyr
Sp-forslag i Stortinget.
Senterpartiet vil at regjeringa skal leggje til rette for meir produksjon av smittevernutstyr i Noreg.
– Pandemien som rulla inn over oss i fjor vår, viste at vi som nasjon må vere betre førebudd neste gong, seier Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Sp, til Sunnmørsposten.
Saman med partifellane Trygve Slagsvold Vedum, Sigbjørn Gjelsvik og Geir Pollestad har ho sendt eit såkalla representantforslag til Stortinget om nasjonal beredskap og produksjon av smittevernutstyr.
I forslaget sitt peikar dei på at Norge må ta nødvendige politiske grep som aukar landet si evne til å takle framtidige kriser.
– I krisesituasjonar kan grensene bli stengde, og då får vi ikkje inn nødvendig utstyr som vi treng, seier Klinge til avisa.
Ho legg til at hovudårsaka til dette utspelet er å auke sjølvberginga når det gjeld smittevernutstyr. Men det vil også ha ein positiv bieffekt: Det vil bety arbeidsplassar i Noreg.
(©NPK)
Publisert: 03.03.2021 12:57
Sist oppdatert: 03.03.2021 12:59