Kort fortalt

Vil ha meir satsing på geitemjølk

Bollestad har tru på norsk geit.

NPK
28.04.2021


Landbruks- og matminister Olaug Bollestad oppfordrar framleis bransjen til å satse på produktutvikling med geitemjølk.

– Det er store moglegheiter for lokal verdiskaping og småskalaproduksjon for produsentar av geitemjølk. Målretta avl har også bidratt til sterk kvalitetsheving og større verdiskapingspotensial, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad i ei pressemelding.

Norsk geitenæring vert i dag stimulert gjennom ein rekke ulike verkemiddel. Dette omfattar både produksjonsretta verkemiddel, tilskot til dyr på beite, velferdsordningar og ulike former for utviklingsmidlar og bedriftsretta verkemiddel.

Samla sett skal desse verkemidla bidra til at næringa har rammevilkår som gir moglegheit for utvikling og framtidstru og moglegheiter for å kunne utnytte dei kvalitetsfortrinna som norsk geit har.

Publisert: 28.04.2021 07:11

Sist oppdatert: 28.04.2021 07:12