NPK: Samferdsledepartementet endrar no betalingsmodellen til entreprenørar slik at dei skal nytte mindre salt på norske vegar på vinterstid.
– Det kjem både bilane, miljøet og entreprenørane til gode, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.
Den nye betalingsmodellen gir entreprenørane som saltar noko godtgjersle per time arbeid. Dette vil gjelde for alle nye kontraktar med oppstart frå hausten 2018. Til no er dei kompensert for mengda salt dei har brukt. Det kan gi feil insentiv dersom målet er å redusere bruken av salt, ifølgje departementet.
– Vi ønskjer å leggje til rette for ei meir bevisst haldning til bruk av salt på vegane. Det nye opplegget gir entreprenørane betre moglegheit til å justere mengda salt det faktisk er behov for på dei ulike vegstrekningane, seier samferdsleministeren.

Publisert: 10.07.2018 16:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38