Kort fortalt

Vil ha ned promillegrensa til sjøs

Seks av ti vil ha lågare promillegrense.

NPK
24.05.2022

I ei ny spørjegransking for Tryg Forsikring svarer 62 prosent at dei ønskjer at promillegrensa til sjøs blir senka frå dagens 0,8 i promille til 0,2.

– Det er over 20 år sidan Noreg senka promillegrensa på vegen til 0,2 og no meiner vi det er på tide å gjere det same på sjøen. Det er altfor mange båtskadar og dødsulykker kvart år som kjem alkohol av og ruspåverknad. Med ei promillegrense på 0,8 legitimerer vi i realiteten at det er ok å drikke alkohol medan ein køyrer båt, og vi er heilt samde med fleirtalet i undersøkinga som ønskjer å senke promillegrensa, seier Hans-Jørgen Molvig, direktør i Tryg Forsikring, i ei pressemelding.

Sjøfartsdirektoratets ulykkesstatistikk viser at av 137 omkomne i fritidsbåtulykker dei siste fem år, var 35 prosent påverka av alkohol eller rusmiddel.

– Berre i fjor registrerte forsikringsbransjen rekordhøge 7.800 båthavari, og 12.700 båtskadar. Mange av desse er relaterte til alkohol, og for ein smårusa og uerfaren båtførar med ein lovleg promille på 0,8 innanbords er risikoen for feilvurderingar og nedsett reaksjonsevne altfor høg. Vi trur ei senking av promillegrensa vil vere eit effektivt haldningsskapande tiltak for å få ned skadane og talet på dødsulykker til sjøs, seier Molvig.

Publisert: 24.05.2022 11:02

Sist oppdatert: 24.05.2022 11:03