Kort fortalt

Vil ha omkamp om gondoltrasé

Innbyggjarinitiativ i Sula.

NPK
08.04.2021

(NPK): Det er starta eit såkalla innbyggjarinitiativ for å få behandla gondolsaka i Sula på nytt. Det ei avgrensing av traséval som er bakgrunnen. Initiativtakaren meiner ei avgrensing av trasé innskrenkar moglegheita til å få ein gondolbane.

– Med dette vedtaket vart moglegheitene til å få til ei gondolbane innskrenka. Dei som var motstandarar av gondolen burde heller ha røysta nei til heile områdeplanen i staden for å kome med eit slikt vedtak, seier Jan Arne Sletta til Sunnmørsposten.

Han har sett i verk innbyggarinitiativet «Ja til områderegulering for gondol på Sulafjellet uten utelukking av traseer». Sletta er varamedlem i kommunestyret for Høgre, men initiativet er privat.

Bakgrunnen er at kommunestyret i Sula før påske sa ja til at ein privat aktør kunne starte områderegulering for ein gondol, med vilkår om at Bjørkhaugen, der Flakk Gruppen har teikna inn gondolen, ikkje er aktuell som trasé. Det meiner Sletta er feil. Underskriftskampanjen han har sett i gang, hadde onsdag samla rundt 300 underskrifter.

Sula-ordførar Jim Arve Røssevoll (Ap) viser til reglar for innbyggjarinitiativ og seier til Sunnmørsposten at om mange nok ønskjer det, kan kommunestyret ta opp innbyggjarinitiativet. Da må dei først ta omsyn til om det er grunnlag for å vurdere saka på nytt, skriv smp.no.

(©NPK)

Publisert: 08.04.2021 14:26

Sist oppdatert: 08.04.2021 14:28

Mer om