Kort fortalt

Vil ha opphald i loddefisket i 2020

Bestanden er altfor lav.

11.10.2019
NPK: Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) meiner det ikkje bør opnast for loddefiske i Barentshavet i 2020.
Havforskar Bjarte Bogstad seier bestanden for lodde er altfor låg til å kunne tilrå kvote for 2020, skriv Havforskingsinstituttet på sine. Bogstad er medlem i rådgivingskomiteen ICES.
– Kommisjonen har vedteke ein regel for korleis loddebestanden skal forvaltast, og undersøkingane viser at det ikkje bør fiskast lodde neste år. Russland og Noreg har som mål at lodda først og fremst skal fylle ei viktig rolle i økosystemet i Barentshavet – å vere mat for andre, fortel Bogstad.
Den nedre grensa for loddebestanden er 200.000, og undersøkingar viser at det er nesten 98 prosent sikkert at gytebestanden kjem under dette.

Publisert: 11.10.2019 15:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32