Kort fortalt

Vil ha redusert elbilrabatt

Vil gå frå 50 prosent til 30 prosent rabatt på ferjene.

NPK
23.12.2022

Møre og Romsdal fylkeskommune har søkt Samferdselsdepartementet om løyve til å redusere rabatten for nullutsleppsbilar på ferjene frå nyttår.

Fylkestinget vedtok i samband med økonomiplan 2023–2026 at rabatt på nullutsleppsbilar blir endra frå 50 prosent til 30 prosent i tråd med budsjettforliket på Stortinget.

Fram til søknaden blir innvilga, vil det framleis vere 50 prosent rabatt for nullutsleppsbilar på ferjene, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Det er uklart når søknaden blir behandla i Samferdselsdepartementet.

Publisert: 23.12.2022 11:52

Sist oppdatert: 23.12.2022 11:53

Mer om