Kort fortalt

Vil ha samlekvote for villaksfiske

Vil ha sesongkvotar for heile vassdrag.

NPK
01.08.2022

For å styrke raudlista villaks, vil Stiftelsen Anadrom innføre sesongkvotar for heile vassdrag.

– Vi må unngå problemet med personlege kvotar fordi ein veit aldri kor mange sportsfiskarar som fiskar i ei elv. Summen kan bli at gytebestanden blir svekka, seier Atle Frøysland, fagleg leiar i foreininga til IntraFish.

Det skriv Fiskeribladet.

Frøysland meiner det er forbetringspotensial når det gjeld forvalting av vill laksefisk i Noreg.

– Vi ønskjer ein nasjonal diskusjon om at myndigheitene innfører ein anna måte å forvalte vill laksefisk på. Kvotane må fastsetjast i dialog mellom elve- og grunneigarlag og myndigheitene. Vassdrag er ulike, så kvotar må vere tilpassa lokale forhold, held Frøysland fram.

Han peiker på at villaks er ein av dei få artane som ikkje er regulert for samlekvote, og samanliknar forvaltninga som allereie eksisterer for fiskeslag som torsk og sild. Det same gjeld kvotane ein opererer med for storvilt som elg og hjort, der ein driv med samlekvotar for eit større område for ei tidsperiode, ifølgje Frøysland.

Stiftelsen Anadrom bytte namn i 2021 frå «Stiftinga Norsk Villaksforvaltning». Frøysland er ein av initiativtakarane til stiftinga som ein representant for sportsfiskarane.

Publisert: 01.08.2022 16:11

Sist oppdatert: 01.08.2022 16:12

Mer om