Fauskeboeya snart paa plass att
FAUSKEBØYA: Fauskebøya vest for Godøya har slitt seg fleire gongar. No vil Kystverket ha sjømerke som toler naturkreftene betre. Foto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Vil ha sikrare sjømerke

Kystverket på jakt etter sjømerke som toler naturkreftene betre

NPK
14.01.2022

Faste sjømerke på vêrutsette stadar er ei utfordring for Kystverket. No inviterer dei til leverandørkonferanse for å finne nye løysingar som toler naturkreftene betre.

– Vi veit at det i tilknyting til andre bransjeområde har vore ei stor utvikling innanfor fundamentering til sjøs. No ønskjer vi å sjå om nokre av dei erfaringane ein har gjort seg der, kan overførast og nyttast i våre prosjekt, fortel Martin Fransson, leiar for prosjektet Bergen–Sognesjøen, til Skipsrevyen.

Kystverket har planar om 30–40 faste sjømerkeinstallasjonar på vêrutsette stader dei neste åra, og først ut er sju nye merke i farvatnet mellom Bergen og Sognesjøen.

Håpet er at leverandørkonferansen 15. februar kan gi nye løysingar for dei vêrutsette strekningane.

– Vi ønskjer dialog med potensielle entreprenørar med gode løysingar for å skape oss eit inntrykk av moglegheitene som er der ute. Det blir spennande og interessant å sjå kva som kan finnast av løysingar, seier Fransson til avisa.

Publisert: 14.01.2022 15:12

Sist oppdatert: 14.01.2022 15:14