Arbeidsgjevarorganisasjonen Fiskebåt ber reiarlaga stille krav til alle tilsette, slik at det blir slutt på trakassering av kvinnelege tilsette om bord.
– Det har den siste tida vore fleire saker der unge kvinner står fram med historier om trakassering om bord i fiskefartøy. Vi har alle eit ansvar for å kjempe mot trakassering i fiskerinæringa. Målet må vere å byggje ein kultur og rutinar der alle tilsette blir behandla med respekt og likeverd, seier styreleiar Jonny Berfjord og adm.dir. Audun Maråk i ei pressemelding.
Dei presiserer at den havgåande fiskeflåten har mange kvinnelege fiskarar og andre medarbeidarar, og at dei er ein viktig ressurs, som i tillegg bidreg positivt til arbeidsmiljøet om bord i fartøya.
Fiskebåt-toppane er klare på at organisasjonen har nulltoleranse for trakassering, inkludert seksuell trakassering og trakassering på grunn av kjønn.
– Vi har bede medlemene våre om å utarbeide bedriftsinterne rutinar for å kjempe mot trakassering, og no tek vi nye grep. Vi krev at reiarlaga implementerer reglar om seksuell trakassering og trakassering på grunn av kjønn i styringsdokumenta sine, seier styreleiar Jonny Berfjord.
Publisert: 18.10.2021 16:44
Sist oppdatert: 18.10.2021 16:45