Kort fortalt

Vil ha slutt på fysisk billettering

Fylkeskommunedirektøren vil ikkje tilbake til 'gamlemetoden'.

23.03.2022

Da koronaen stengde ned Noreg, blei det inntil vidare slutt på fysisk billettering på ferjene. No vil fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal at ordninga blir permanent.

På vegner av Samferdselsdepartementet gjennomfører Statens vegvesen ei høyring knytt til forslag til endringar i yrkestransportlova. Forslag inneber heimel for å behandle personopplysningar i forbindelse med billettering på ferje.

Fylkeskommunen viser til at då koronapandemien i mars 2020 stengde Noreg, blei billettering med kort og kontantar erstatta med ei løysing der mannskapet brukte handhalde skannar som les av køyretøyet sitt kjennemerke, og som registrerar om ein har rabattavtale eller ei. Metoden er lik innkrevjing av bompengar på veg. Men yrkestransportlova manglar moderne regulering av korleis handteringa av personopplysningar skal gjennomførast.

I sitt svar til høyringa skriv fylkeskommunedirektøren at «Den nye ordninga har fungert godt under pandemien, og trafikantane har no blitt vane med å ta ferje utan å måtte fysisk løyse billett. Dette har vore eit stort framsteg, og det vil vere uheldig dersom ein må gå tilbake til gammal ordning med manuell billettering.»

Fylkeskommunedirektøren innstiller på at «Fylkesutvalet støttar Statens vegvesen sitt forslag til endringar i yrkestransportlova om Handsaming av personopplysningar.»

Saka skal til politisk behandling i samferdselsutvalet onsdag 30. mars, og deretter til fylkesutvalet måndag 4. april for endeleg avgjerd.

Publisert: 23.03.2022 15:49

Sist oppdatert: 23.03.2022 15:50

Mer om