Kort fortalt

Vil ha slutt på «hop on – hop off»

Vil ikkje forlenge løyve i Geiranger.

26.01.2023

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal tilrår at selskapet Strömma Norge ikkje får forlenga løyvet med å drive «Hop on – hop off» sightseeing med buss i Geiranger. Selskapet fekk løyvet i 2013, men konsesjonen går ut 21. mars i år.

Det er samferdselsutvalet som er løyvestyresmakt for rutegåande transport i fylkeskommunen, og søknaden om ruteløyve skal avgjerast i utvalet onsdag 1. februar.

I framlegget til saka går det fram at både Stranda kommune og Geirangerfjorden Verdsarv er kritiske til ei tildeling av ruteløyve. Begge peiker på stor trafikk- og miljøbelastning i sine fråsegn til søknaden.

Det er mangel på areal som kan nyttast til infrastrukturtiltak og næringsverksemd i Geiranger. I sommarsesongen er dette særleg merkbart sidan trafikken blir mangedobla på grunn av turismen

Geirangerfjorden Verdsarv skriv at området det er søkt om ruteløyve for, manglar trygge areal til busshaldeplassar og samanhengande gangvegnett. I fleire tilfelle skjer av- og påstiging i vegbana.

Også Stranda kommune peiker på trafikkfarlege situasjonar, og at bussar stoppar for både å ta på og setje av passasjerar på stadar som ikkje er regulerte til dette. Dei meiner at bygda ikkje er skapt for store trafikkvolum, og at det å redusere belastninga bør være ei målsetting.

Publisert: 26.01.2023 09:49

Sist oppdatert: 03.02.2023 09:26

Mer om