Kort fortalt

Vil ha solenergipark på Smøla

Fylkeskommunen kartlegg moglegheiter og interesse.

24.09.2021

Møre og Romsdal fylkeskommune vil i nært samarbeid med Smøla kommune og energiselskapet Neas, kartlegge moglegheiter og interesse for ein større solenergipark på Smøla.

Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding fredag.

Tanken er å utrede moglegheita for å bygge solenergiparken i det same området som i si tid var Europas største landbaserte vindkraftanlegg. Vindturbinane er spreidd over eit 18 km2 stort areal på øya.

- Smøla er særleg interessant fordi vi kan utnytte den etablerte infrastrukturen i vindkraftanlegget. Her er det allereie bygd ut vegar og kraftnett for å betene 68 vindturbinar, så vi slepp å ta i bruk nye område for utbygging, seier Bengt Endreseth, leiar for Energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ein solenergipark vil gi arbeidsplassar både i etableringsfasen og når anlegget er over i driftsfasen.

Fylkeskommunen ønsker å kartlegge følgande:

  • Finst det synergiar med dagens kraftnett/kraftproduksjon? Kan krafta samkøyrast over eksisterande nett ved hjelp av intelligente system?
  • Er grunneigarar og innbyggarar interesserte?
  • Kva for konsekvensar for miljøet får ei etablering i ein allereie eksisterande vindpark? Finst det andre område regulert for energiproduksjon?
  • Kva for ringverknader kan ein solenergipark få for næring og samfunn?
  • Er det rom for å utvikle Noregs største solenergipark på Smøla?

Endreseth peikar i pressemeldinga på at Møre og Romsdal fylkeskommune i fylkesplanen har satt tydelege mål basert på auka produksjon frå fornybare energikjelder:

- Derfor har vi forplikta oss til å utgreie mogleg ny kraftproduksjon på Smøla. Vi treng meir grøn energi i det grøne taktskiftet, og sol er ein aktuell energikjelde som kan utnyttast. Fylkeskommunen har signalisert at vi vil bruke ressursar for ei innleiande kartlegging, og det vil vi gjere i tett samarbeid med både Smøla kommune og Neas, seier Endreseth.

Vindparken på Smøla, som blei opna av Kong Harald i 2002, produserer kraft tilsvarande forbruket til vel 14.000 einebustadar.

- Kor mykje strøm kan solenergiparken produsere?

- Det må kartleggast først, men det er snakk om eit vesentleg tilskot, og det synes å vere eit stort potensial på Smøla, seier Endreseth.

Han opplyser at fylkeskommunen har satt av midlar til å starte jobben med å kartlegge moglegheitene og gå i dialog med grunneigarar.

Både Smøla kommune og energiselskapet Neas er positive til planane. Smøla-ordførar Svein Roksvåg seier at han ser på solenergi som ei heilt naturleg utvikling for vindenergikommunen Smøla.

- Vi i kommunen har snakka om at vi må utnytte solenergien meir. Vi har mange kommunale bygg, og vi må få eit grønare fotavtrykk på bygga våre, seier Roksvåg.

- Kvifor er Smøla positiv til å vere med på å kartlegge moglegheitene og interessa for ein solenergipark?

- Det er fleire grunnar til det. Den eine er kraftsituasjonen i Midt-Noreg, som er ein heit politisk potet. Vi må produsere meir kraft. Og når det gjeld solenergi, så ligg det godt til rette for det på Smøla: Vi har ikkje fjell som skjermar, vi har lys mens det er dagslys og vi har låg snitt-temperatur, som er viktig for produksjon av solenergi, seier Roksvåg, i pressemeldinga.

Publisert: 24.09.2021 08:55

Sist oppdatert: 24.09.2021 08:57

Mer om