Kort fortalt

Vil ikkje auke ferjeprisane

NPK
30.11.2023

(NPK): Fylkeskommunen i Møre og Romsdal er i økonomisk knipe, men politikarane vil ikkje hanke inn 50 millionar på ferjebillettane, skriv NRK Møre og Romsdal.

Etter eit massivt ferjeopprør i 2019 som protesterte mot høge ferjeprisar blei det innført gratis ferje og lågare billettprisar fleire stader i landet.

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal har foreslått å auke billettprisen for å hente inn 50 millionar kroner i neste års budsjett. Bakgrunnen er mellom anna at Møre og Romsdal ligg i gjeldstoppen i landet og har store økonomiske utfordringar.

Det vil ikkje fleirtalet av politikarane frå Høgre, Frp, Venstre og KrF - som i staden vil spare på andre område.

– Mange blir hardt ramma av alt anna som stig i pris. Ferja er vegen for svært mange, både pendlarar og næringslivet, seier Monica Molvær (H).

Utdanningsforbundet er bekymra for at det er skulane som får svi, dersom rutetilbodet blir dårlegare. Dei opplever at dei over mange år har vore utsett for kutt.

– Vi er skuffa over at skulane endå ein gong kan bli nedprioritert. Ei god utdanning er meir framtidsretta enn lave ferjeprisar, seier fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Ina Margrethe Enoksen.

(©NPK)

Publisert: 30.11.2023 17:43

Sist oppdatert: 30.11.2023 17:43

Mer om