Kort fortalt

Vil ikkje lenger styrke organisasjonsgrada

LO med kraftig reaksjon mot regjeringa.

10.10.2019
NPK-NTB: Regjeringa ønsker å oppheve eit stortingsvedtak om å få opp organisasjonsgrada. LO reagerer.
Stortinget vedtok i januar 2018 at regjeringa skal jobbe for at fleire organiserer seg i fagrørsla, men i statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å oppheve vedtaket, ifølgje Klassekampen.
LO-leiar Hans Christian Gabrielsen reagerer sterkt. Han seier til at sterke organisasjonar og ei høg organisasjonsgrad er ei suksessoppskrift. Regjeringa har ifølgje Gabrielsen i sju år på rad frose fagforeiningsfrådraget.
– Ingen er tente med dette. Heller ikkje regjeringa. Viss regjeringa faktisk har til hensikt å komme med konkrete tiltak for å få opp organisasjonsgrada, er det svært oppsiktsvekkande at regjeringa opphevar eit stortingsvedtak om det same, seier han.
Finansminister Siv Jensen (Frp) vil ikkje svare på kvifor stortingsvedtaket frå 2018 blir fjerna gjennom ei setning i statsbudsjettet.
– Arbeidsministeren jobbar vidare med det, og det må ho få lov til å komme tilbake med når ho er ferdig med det, seier ho.

Publisert: 10.10.2019 08:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32