Kort fortalt

Vil investere i campingplassar

Svensk selskap varslar fleire oppkjøp.

Marius Rosbach
11.02.2022

(NPK). Den svenske campinggiganten First Camp har kjøpt sin første campingplass i Noreg, Norsjø Ferieland i Telemark, og varslar at fleire norske oppkjøp står for tur.

Også i Noreg har investorane har fått auga opp for campingbransjen, og fleire selskap har planar om å vekse, skriv Dagens Næringsliv (DN).

Dei aller fleste av dei rundt 950 campingbedriftene i Noreg er framleis små og familieeigde bedrifter, som i gjennomsnitt har ei omsetning på fire millionar kroner i året.

First Camp er det største campingaktøren i Skandinavia med ein portefølje på 58 campingplassar i Sverige og Danmark. Konsernet omset for rundt 900 millionar svenske kroner i året.

– Dette er ein fragmentert bransje med få større aktørar. Om du ser på hotellbransjen, var det også tilfellet for den for 30 år sidan. No er dei fleste hotella tilknytte ein kjede, og eg er overtydd om at det same vil skje innan camping, seier administrerende direktør Johan Söör i First Camp til DN.

Innan tre til fem år reknar Söör med å ha kjøpt eit tital campingplassar i Noreg.

Den ti år gamle norske kjeda Topcamp eig no ni norske camplingplassar og har planar om nye oppkjøp. Selskapet omsette i 2020 for 85 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på 5 millionar kroner.

Det nyetablerte selskapet Utflukt Campinvest AS er eigd av NAF og investoren John O. Solberg med ein halvpart kvar. Selskapet eig førebels to campingplassar i Østfold, men også dei har planar om å ekspandere.

– Målet er å byggje opp ein portefølje av eigeneigde campingplassar parallelt med å utvikle Naf Camp vidare som den sterkaste alliansen og forretningspartnaren i bransjen, seier John O. Solberg til DN.

Campingplassane har elles merka mindre til koronapandemien enn mange andre dei siste par åra og auka talet på overnattingar frå sju til åtte millionar frå 2020 til 2021, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

(©NPK)

Publisert: 11.02.2022 13:40

Sist oppdatert: 11.02.2022 13:42

Mer om