Kort fortalt

Vil korte ned straumbrota

Nettselskap bak ny teknologi.

08.10.2019
NPK: Ny teknologi kan korte ned avbrotstida ved eit straumbrot og spare samfunnet for millionar av kroner årleg.
Eit nyleg avslutta samarbeid mellom Sintef, Hafslund Nett og fire andre nettselskap har resultert i ny teknologi som kan korte ned lengda på eit straumbrot. Avbrotstida kan kortast ned vesentleg når ein nyttar såkalla smartgrid-teknologi, skriv på nettsidene sine.
Denne teknologien gjer at nettselskapa oppdagar kor feilen ligg, og at straumforsyninga kan kome i gang igjen fortare.
Basert på resultata til prosjektet er det rekna at den samla gevinsten ved å ta i bruk denne teknologien kan vere om lag 125 millionar kroner årleg i såkalla KILE-kostnadar, som er det samfunnsøkonomiske tapet ein får når straumen går.

Publisert: 08.10.2019 19:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32