Kort fortalt

Vil køyre først av ferjene

Yrkessjåførar vil ha prioritet.

NPK
02.08.2022

Den daglege vareflyten burde ha ein viss prioritet, meiner yrkessjåførar som vil ha fortrinnsrett på ferjene.

– Den einaste løysinga eg kan sjå er at lastebilane får ein av filene på ferjeleiet og at vi får fortrinnsrett, seier lastebilsjåfør Marthe Holm til NRK Nordland.

Holm fortel om korleis ho har opplevd å ikkje fått plass på ferjene ho skal i tide grunna kø, og dermed blitt forseinka med ein heil dag. For sjåføren påverkar det heile arbeidsplanen, fortel ho.

– Eg seier ikkje at vi skal fylle ferjene med lastebilar, for det blir ikkje riktig. Men den daglege vareflyten burde ha ein viss prioritet. Vi har matvarer og medisinar, og vi transporterar det landet treng, seier Holm.

Frank Lauritz Jensen, rådgjevar i Norges Lastebileier-Forbund støttar Holm, og er tydeleg på at det er noko som må gjerast for å handtere problema som yrkessjåførane møter på.

– Vi ønskjer at tungtransport skal få forkøyrsveg på ferja. Det er ein samfunnskritisk del av logistikken. Det er uhaldbart at lastebilar må stå igjen for at bubilar skal på ferja, vi må få fram varene på første og raskaste måte, seier Jensen.

Dag Hole i Statens vegvesen seier at tiltaket med fortrinnsrett ikkje har blitt diskutert i år, men at det er noko som kan bli aktuelt å diskutere til hausten.

Publisert: 02.08.2022 12:07

Sist oppdatert: 02.08.2022 12:09