Kort fortalt

Vil lage «havets Tesla»

Florøbedrift bak hurtiggåande elbåt.

27.07.2020
NPK: Florøbaserte Evoy fekk førre veke rundt 45 millionar kroner til ei hurtiggåande elbåt-satsing gjennom den såkalla EIC Accelerator-ordninga til EU.
– Det er ei stadfesting på at vi er inne på rett spor, seier elbåtgründer Leif Stavøstrand i Evoy til
Selskapet har så langt utvikla elektriske framdriftssystem for hurtiggåande båtar mellom 20 og 50 fot, og har i første omgang retta seg mot oppdrettsnæringa, men ifølgje bransjen er vegen derifrå til arbeidsbåtar til fritidsbåtar kort.
– Myndigheitene må på bana. EU støttar no Evoy, og har stor tru på dei. Då er det nesten litt rart at dei norske myndigheitene ikkje ser dei same moglegheitene, seier dagleg leiar Ida Salomonsen Thorrud i Green Waves, som driv med elektrifisering av eksisterande båtar, til statskanalen.

Publisert: 27.07.2020 13:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25