Kort fortalt

Vil levere post med drone

Førde-selskap har stor tru.

22.10.2018
NPK: Går det som det nystarta selskapet Airlift Solutions AS i Førde håpar på, kan både post og medisinar snart leverast med dronar.
Avisa fortel at selskapet førebur eit pilotprosjekt som skal levera varer med drone innan kort tid.
– Visjonen om å levera varer med drone er førebels på teiknebrettet. I starten vil det vera korte leveringar av pakkar på opp til to kilo. Det kan vera viktige leveransar som medisin og post, seier Nils Huus til avisa.
Han er i dag dagleg leiar i transportselskapet Transferd som saman med helikopterselskapet Airlift, står bak det nye selskapet Airlift Solutions AS.
Initiativtakarane bak den nye dronesatsinga har stor tru på den nye teknologien. Dei trur at dronar i framtida kan levera fleire av varene som i dag blir frakta med bil eller skip, og at dronetransport difor kan vera ei løysing som løner seg både for miljøet og økonomisk.
Dei peikar også på at dronar kan vera med på å gje folk tryggare kommunikasjon.
– Når folk ikkje kjem fram på grunn av ras, kan dronar knyta dei til verda att, og øysamfunn og fjerne strøk vil få betre service, seier Huus.

Publisert: 22.10.2018 13:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37