Kort fortalt

Vil løyse sildefloke på Sunnmøre

Diskusjonen har gått i ei årrekkje.

NPK
23.08.2022

(NPK): Lokalbefolkninga og fiskarar har i ei årrekkje diskutert kva type sild som sym i fjordane på Søre Sunnmøre. No skal eit forskingsprosjekt bidra til å finne svaret.

Det skriv NRK.

Fiskebåtane som kvart år kjem til Sunnmøre har kvotar på Norsk Vårgytande sild, såkalla NVG-sild. Problemet er at mange fastbuande i området meiner at silda i fjordane er noko heilt anna. Dei kallar ho fjordsild, og hevdar at ho gyter om hausten og held seg i fjordane heile året.

Det er ikkje klarlagt om finst eigne sildestammar inne i fjordane. For å komme nærare eit svar er det sett i gang eit forskingsprosjekt. Det blir samla inn prøver av sild som blir analysert med omsyn på DNA. Forskarane ser nærare på andre kjenneteikn som lengde, alder og kva tid på året dei gyt.

– Dette pilotprosjektet går ut på å samle inn informasjon om fiskeriet og ressursar i fjordane. Det er ikkje vår oppgåve å regulere fisket, men å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag, seier prosjektleiar Nils Roar Hareide ved Runde Forsking til NRK.

(©NPK)

Publisert: 23.08.2022 21:08

Sist oppdatert: 23.08.2022 21:09

Mer om