Samferdselsdepartementet har tidlegare gjeve beskjed om at det nye utstyret som er montert for å måla farten i Ålesund-tunnelane, ikkje skal brukast.
No vil leiaren i samferdselskomiteen på Stortinget, Helge Orten, be samferdselsminister Jon Georg Dale gjera om på avgjerda.
– Når utstyret er installert ser eg ingen grunn for at det ikkje skal takast i bruk. Dette vil eg ta opp med samferdselsministeren, seier Orten til
Ifylgje avisa er det brukt 8 millionar kroner på det nye fartsmålingsutstyret i Ålesunds-tunnelane som enno ikkje er teke i bruk. Det heng saman med at regjeringa vil avgrensa bruken av såkalla strekningsmålingar.
– I regjeringserklæringa er vi samde om at bruken av strekningsmålingar skal avgrensast. Det stiller eg meg heilt bak. På mykje av vegnettet er det fullt mogleg å driva anna form for fartskontroll. Men når det gjeld tunnelar, og då kanskje særleg undersjøiske tunnelar, så meiner eg det kan forsvarast å bruka strekningskontroll, seier Orten.
Både Statens vegvesen, Transportøkonomisk institutt og Trygg Trafikk har vore klare på at dei meiner slike målingar er eit godt tiltak for trafikktryggleiken. Ifylgje Sunnmørsposten har Vegvesenet no fått i oppdrag å revidera kriteria som avgjer kor det skal vera slike målingar i framtida.

Publisert: 23.09.2019 06:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32