Kort fortalt

Vil omorganisere Fiskeridirektoratet

Det har Frank Bakke-Jensen bestemt.

NPK
23.02.2022

Fiskeridirektoratet skal omorganiserast, har fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen bestemt, men det skal skje utan nedlegging eller flytting av kontor.

Etter ein runde med forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonane i Fiskeridirektoratet skal planane vidare til Nærings- og fiskeridepartementet for godkjenning.

Bakke-Jensen ønskjer å organisere direktoratet etter funksjonar, noko som er i tråd med det ei arbeidsgruppe leidd av tidlegare politidirektør Ingelin Killengreen tilrådde i fjor haust.

– Eg har valt den organiseringa som gjer at direktoratet kan løyse oppgåvene sine på best mogleg måte, seier fiskeridirektøren i ei pressemelding.

Funksjonsorganiseringa inneber at direktoratet ikkje lenger skal ha eit hovudkontor og fem regionar. I staden skal direktoratet organiserast som to store landsdekkjande divisjonar, ein som skal arbeide med forvaltning, og ein som skal arbeide med kontroll- og tilsyn.

Det er ikkje aktuelt å leggje ned eller flytte nokon av dei 20 kontora som direktoratet har langs heile norskekysten.

– Avgjerda om at det ikkje skal leggjast ned eller opprettast nye kontor, eller at tilsette skal måtte flytte fysisk, står fast, forsikrar Bakke-Jensen.

Planen er at omorganiseringa skal gjennomførast i år.

Publisert: 23.02.2022 15:15

Sist oppdatert: 23.02.2022 15:17

Mer om