Kort fortalt

Vil overkøyre kommunane i vindkraft

Det meiner SV- og H-politikarar.

30.09.2019
NPK-NTB: Staten må i større grad overkøyre kommunane for å få bygd ut vindkraft, skriv SVs Thor Egil Braadland og Høgres Bård Standal i ein kronikk på NRK.no.
Dei to meiner det er på tide å innføre statlege reguleringsplanar, der regjeringa og Stortinget bestemmer, som fast regel for vindkraft.
– Staten må i større grad enn før byrje å overkøyre kommunane, for å få bygd det Noreg kan av vindkraft, for å ta opp konkurransen med olje- og gasseksporten, heiter det i .
1. april i år foreslo Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) 13 område i landet som del av ein ny, nasjonal ramme for vindkraft på land.
Ifølgje har det komme inn over 1.700 høyringssvar. Mange som har uttalt seg, mellom anna fleire kommunar, er negative til utbygging av vindkraft i sine nærområde.
Braadland og Standal meiner det er tydeleg at kommunane ikkje tar det nasjonale ansvaret, og at det er eit stort sprik mellom behovet for miljøvennleg energi og kva kommunane har tenkt å seie ja til.
– Skal vi erstatte noko av norsk olje- og gasseksport, må han slåast ut med ei meir konkurransedyktig energiform, skriv dei.
Tysdag går høyringsfristen ut for NVEs forslag til utbygging av vindkraft på land i Noreg.

Publisert: 30.09.2019 08:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32