Kort fortalt

Vil rekruttere fleire til maritim næring

Maritimt kompetansesenter med rekrutteringsprosjekt.

NPK
12.04.2021

(NPK): Fordi Noreg treng fleire med yrkesfag i framtida, blir det no jobba for at fleire ungdommar skal velje seg inn i den maritime næringa.

– Havspeilet er eit rekrutteringsprosjekt der vi vil gå inn i ungdomsskolane å fortelje om moglegheitene som ligg i havet. Vi har eit stort behov for å snakke med ungdom før dei tek vala sine, seier dagleg leiar Ole Andreas Holm i Maritimt kompetansesenter, til NRK.

Holm er saman med Torunn Lied Giske ved Opplæringskontoret for Maritime Fag, OK Tekniske fag, Sunnmøre og Maritimt Forum Nordvest, i startgropa med prosjektet Havspeilet som skal få ungdomsskoleelevar til å velje maritime fag.

SSBs rapport om sysselsetjing viser at Noreg vil ha for få med yrkesfagleg bakgrunn frå vidaregåande i åra som kjem. Mangel på norske fagarbeidarar har òg vorte synleg under pandemien.

– Vi ser at vi treng fleire maskinistar og motormannlærlingar, så det er ei oppfordring til ungdom der ute. Det er eit generasjonsskifte og mange arbeidsplassar framover som kan bli ledige, seier Torunn Lied Giske, til kanalen.

(©NPK)

Publisert: 12.04.2021 10:27

Sist oppdatert: 12.04.2021 10:37

Mer om